Måndag 28. september blir verdsdagen for psykisk helse markert på Fitjar.

Det vert to samlingar med Marco Elsafadi i Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Han var her og hadde ei inspirerande samling i samband med markeringa av dagen i 2007. Det var eit sterkt ynskje om å få han attende. Han har i ei årrekkje spelt basketball på høgste nivå. I haust då han skulle begynne i nytt lag, Harstad Vikings, vart han råka av ein sjukdom som gjer at han nett no sit i rullestol. Likevel har han sagt at han håpar å koma til Fitjar måndag 28. september. Slik er han midt i ei veldig overgangsfase, som og er tema for verdsdagen i år: Livets overgangsfasar.

Overgangsfasar er ein del av det å leva. Dei fører til vekst og endring, men kan og bringa med seg uvisse og smerte.

Bodskap i år:
– Endring og overgang er naturleg.
– Nokre endringar er vanskelege og overgangsfasar kan vere risikoperiodar for mentale helseproblem.
– Overgansfasar går over.
– Det finst hjelp når problem ikkje går over av seg sjølv.
– Ingen er åleine. Snakk med nokon, det er den enklaste og viktigaste vegen gjennom utfordringane.

Marco Elsafadi driv ei ideell stifting som heiter New Page. Dei driv førebyggande ungdomsarbeid i tett samarbeid med barnevern, føresette og skule.

Alle elevane og dei tilsette frå Fitjar vidaregåande skule og frå Rimbareid ungdomsskule er invitert til å vera med, i tillegg vil vi gjennom denne pressemeldinga invitera dei som har leiaransvar i barne og ungdomsarbeidet i bygdene våre.

Verdsdagen for psykisk helse er blitt til for å auke kunnskapen kring psykisk helse og for å gjere oss meir opne kring psykiske problem. I år blir dagen markert i meir enn 100 land. I Noreg er det Mental Helse som koordinerar arbeidet kring dagen i samarbeid med Helsedirektoratet.
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at om lag halvparten av oss vil møta alvorlege psykiske problem i løpet av livet.

Måndag 28. september på Fitjar Kultur og Idrettsbygg vert det samling kl. 10 for Fitjar vidaregåande skule, og for ungdomsskulen frå kl. 12. Begge samlingane er opne for dei som er med og driv arbeid for og med born og unge i kommunen vår.

Dei som er med og arrangerar verdsdagen for psykisk helse på Fitjar er: Psykiatritenesta, Helsestasjonen, Rimbareid ungdomsskule, Fitjar vidaregåande skule og Den norske kyrkja på Fitjar.