Geir Skeie vart ikkje berre kåra til æresruss, men til verds-æresruss då han vart hylla av lærarar og elvar frå Fitjar vgs i Kultursalen i føremiddag. Klassar frå Ungdomsskulen var òg på plass for å hylla sin lokale verdsmeister.

Elles vanka det rungande applaus og russerop pluss gode ord og blomar frå elevrådet ved FVGS, frå hans gamle lærarar Sigmund Hopperstad og Solveig Thomassen – og frå rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll. Og Geir kvitterte med at han hadde lært mange viktige grunnleggjande ting i kokkeyrket på den vidaregåande skulen i heimbygda.

På spørsmål om kva råd han ville gje dei unge kokkane som stod i ein halvsirkel bak han på scena, sa han at det viktigaste er å like å lage mat. -Elles bør de søkje jobb der de får laga maten frå grunnen av, og ikkje slike stader der dei berre opnar posar, la han til.

Peyton Manning steroids