Søndag kl. 12 presis stod kultursjef Elise Aarbø for den høgtidelege opninga av varden på det høgaste fjellet i Fitjar.

Littlasåto har lenge vore eit lite påakta fjell, sjølv om røynde fjellfolk i alle år har visst at dette er den høgaste fjelltoppen i Fitjar kommune. Med sine 676 meter over havet, er ho klart høgare enn alle andre fjell i Fitjar, men har dessverre kome litt i skuggen av Mehammarsåto, som ligg like i nærleiken.

Dessutan ligg toppen nokså langt frå allfarveg, midt inne i fjellheimen. Å bringa dette flotte fjellet ut av gløymsla og fram i lyset var målet for Stranda vel og prosjektleiar John Karsten Raunholm. Saman med Olav Øvrebø og Arne Raunholm har han bygt ein flott varde, verdig eit skikkeleg fjell.

Og i går var dagen komen for den høgtidelege opninga. Den blei innleidd med songen «Vestland, vestland», før John Karsten Raunholm talte og gjorde greie for ideen bak prosjektet. Etter at møtelyden hadde sunge første vers av «Mellom bakkar og berg», gjekk ordet til Elise Aarbø, kultursjef i Fitjar kommune.

Ho takka Stranda vel for initiativet, og sa mellom anna at dette var det spenstigaste tilskotet til 150-årsfeiringa i Fitjar kommune. Så skar ho av snora med tollekniv, før høgtida blei avslutta med fedrelandssalmen «Gud, signe vårt dyre fedreland».

- Annonse -