Det vart skikkeleg folkefest både i og rundt Fitjar Kultur- og Idrettsbygg tidlegare i dag. Ute var det småbord og leikar. Inne fekk me med oss eit 17. mai-program 200-årsjubileet verdig, med rundt 500 til stades.

Sentralt i programmet var talen til Harald Johan Sandvik. Ein tale i fem bolkar der kvar bolk var illustrert med bilete på storskjerm. Ei framsyning som var laga til av Magnar Kloster.

Bolkane Sandvik snakka om var: 1. Håkon den gode. 2. 1814. 3. 1905. 4. 2. verdskrig. 5. Etterkrigstid og notid.

På ein levande måte tok han for seg kvar epoke og makta på ein svært god måte å knyte vår nasjonale historie opp mot det som har skjedd i vår eiga bygd. Under bolken om Håkon den Gode minna han mellom anna om visjonen om å byggje opp att kongsgarden og gamlekyrkja, og i bolken om 2. verdskrig fekk me vite at 45 fitjarbuar reiste ut. 15 fall. 14 menn og ei kvinne. I den siste bolken fekk me vite både om levekåra i Fitjar etter krigen, om bilen som kom og mykje anna. I det heile ei flott tale som vart ditto fint framført.

Elles fekk me igjen høyre vakker song av Osternes Mannskor. Tor Håkon Aarbø leverte ei nydeleg framføring på piano med Morgenstemning av Edvard Grieg. Fitjar Skulekorps spela her óg – og Ingrid Muri Slettebø avslutta det heile med spennande, kunstnarisk dans.

Sigrid Fangel leia det heile på ein god måte.