Frivilligprisen for 2008  vart mandag kveld delt ut ved ei samkome i Fitjartun, der Gro Jensen Gjerde var programleiar. Som kjent er det Knut Vik som er utpeika til mottakar i år.

Ordførar Harald Rydland delte ut prisen og nemnde den store innsatsen som Knut Vik har gjort i skyttarmiljøet lokalt gjennom mange år.  Han er og aktiv på landsbasis. Knut er og ein av dei trufaste natteravnane i Fitjar. Ein god del av innsatsen har blitt utført saman med familien.

Frivilligsentralen inviterte dei faste, frivillige arbeidarane til fest. Ellinor Bergesen orienterte om eit omfattande og viktig arbeid som vert utført på mange ulike felt for personar frå baby til alderdom. Det kan nemnast: Handlehjelp og følgje til lege, tannlege osv., utkøyring av middag, kaffistund med program på Havnahuset, turgruppe, hjelp til kinovakt og badevakt, blomsterkasser i sentrum m. m. Ho sa at det frivillige arbeidet i bygda vår er stort, men på ein måte litt usynleg. ”Gamlelensmannen” Odd Larsen underheldt med friske melodiar på trekkspel medan gjestene kosa seg med ein god drøs, velsmakande betasuppe og kaffi og marsipankake. Magnus Stokken gledde festlyden med å lese fleire av dikta sine. Ellinor Bergesen fekk velfortent takk for innsatsen som dagleg leiar.