Ordførar Harald Rydland her under markeringa av frigjeringsdagen på Fitjar. Frode Kloster i bakgrunnen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Over heile landet vart det i dag markert at det er 75 år sidan Noreg vart fritt etter å ha vore okkupert i fem år under den andre verdskrigen. På Fitjar vart dagen markert ved minnestøtta for dei falne.

Ordførar Harald Rydland tala, og med flaggborg frå dei lokale representantar frå NROF (Norske Reserveoffiserers Forbund);Johannes Lars Tufteland, Odd Jarl Larsen og Frode Kloster vart det ei flott markering.

Harald Rydland fokuserte i talen sin på korleis krisar får fram det verste, men ogso beste i folk, om det er krig eller ein internasjonal pandemi.

Under kriser kan det verta knapphet på gode som me tidlegare har teke som sjølvsagt. Då kan det verta kamp om desse goda og egoisme, mistenksomhet, avundsjuke og intoleranse kan skapa ugreie mellom folk, og gjera krisa enda verre.

Men i krisetider viser me ogso at me kan stå samla, visa omsorg for dei som treng ekstra hjelp, vera rause og visa toleranse. Dette er gode eigenskapar som ligg planta i oss menneske.

Den krisa me er inne i no, viser svært tydeleg at me menneske ikkje har så god kontroll som me gjerne likar å tru at me har. Når eit ørlite virus frå ei flaggermus i Kina kan føra den verste folkehelsekrisa på hundre år, og påføra den internasjonale økonomien dei største skadane sidan andre verdskrigen, ja då ser me kor små og hjelpelause me eigentleg er.

Eit døme på at samfunn kan reisa seg etter krisar, om me står samla.

– La oss ha dei som me heidrar i dag som førebilde. Dei som gjekk i krigen og mista livet i forsvaret for våre felles verdiar som me alle har glede av, og dei som stod att og bygde opp eit godt samfunn på ruinane etter krisa.

Det er med stor respekt eg i dag, 75 år etter at krigen var slutt og folket i Noreg igjen fekk oppleva fridomen, får æra av å leggja på denne kransen, for å heidra dei som ofra det mest dyrebare dei hadde for oss andre. Fred over minnet!

Ein flott krans vart lagt ned på bautaen. Foto: Ignrid Hovstad

Les ogso: Jakob Hovstad var ein av om lag 50.000 nordmenn som tenestegjorde i Tyskland etter andre verdskrig. 72 år seinare vart han heidra for innsaten.