Fitjarøyane er plukka ut som eitt av to referansområde for kystlynghei i Hordaland, og rundt 20 eigarar og brukarar av landbrukseigedommar i Fitjarøyane møtte opp til informasjonsmøte tysdag ettermiddag.

Vert for møtet var Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, og hovudtemaet var kva det betyr for Fitjar og grunneigarane at Fitjarøyane er blitt såkalla referanseområde kystlynghei. Til å orientera hadde ho fått med seg Olav Overvoll frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, botanikar Mons Kvamme med blant anna åtte års erfaring som leiar av Lyngheisenteret på Lygra, og Maien Koppang. Sistnemnde fortalte om temaet «Straumøy – om å eiga og driva ein kystgard».

Direktoratet for Naturforvaltning har peikt ut Fitjarøyane og det nemnde Lyngheisenteret på Lygra som referanseområde på kystlynghei i Hordaland. Langs norskekysten opp til Lofoten er det peikt ut 23 slike område som er typiske representantar for denne landskapstypen. Ein handlingsplan for kystlynghei er snart klar. Målet er å ta vare på eit representativt utval av lyngheiar langs kysten. Då må det sikrast vidare drift av eigedommane, men økonomiske ordningar for grunneigarane er ikkje avklarte enno. Grunneigarane vil ikkje få pålegg av Fylkesmannen om å vera med; dei må vera motiverte og interesserte frå før.

Støtta som er aktuell kjem frå Miljøverndepartementet, og er ikkje ein del av dei ordinære overføringane til jordbruket. Aktuelle skjøtselstiltak er skogrydding, sviing og beitedyr; i Fitjarøyane blir det brukt mykje villsau. Aase Nøttveit fortel at Fitjar kommune har søkt om vidareføring av det eksisterande sitkagranprosjektet og eit nytt prosjekt om samordna uttak av sitkagran, for å få den vekk! Det er ikkje eit vilkår for å få støtte landskapsskjøtsel at det blir brukt beitedyr, men det er nok nødvendig for ønskt verknad, spesielt dersom det har vakse sitka i området.

Mons Kvamme la vekt på at kulturlandskapet må vernast gjennom aktiv bruk; berre slik kan me ta vare på det. Kystlyngheiane er prega av røsslyng, som er kåra til den norske nasjonalblomsten. Det meste verdifulle med røsslyngen er at fôrverdien er like høg heile året. Dermed kan dyra gå ute og beita heile vinteren. Men lyngheiane har forsvunne i stort tempo pga. omlegging av landbruket, og utmarka har blitt heilt marginalisert i moderne landbruk, noko som har ført til gjengroing eller at det har kome opp rome, furu, gran og brakje i staden. Ein av yttast få ting røsslyngen ikkje toler, er gjødsel, særleg nitrogengjødsel.

No må det ryddast og sviast for å få røsslyngen tilbake, og uansett må lyngen brennast før den blir for gammal. Fôrverdien eg høgast når den er ung, i pionerfasen og byggfasen. Når den går over i moden fase etter 15-25 år, begynner andelen med ved å bli for stor, og fôrverdien i røsslyngen blir for liten. Då bør den brennast, og i alle høve før degenerasjonsfasen. Mons Kvamme fortalte at brenning av lyng er den eldste kjente jordbruksmetoden hos oss; det er snakk om ein ubroten tradisjon på fem tusen år fram til vår tid!

Den norske kystlyngheia strekkjer seg heilt opp til Lofoten. Her finn me den europeiske nordgrensa for denne landskapstypen, som strekkjer seg 3600 km sørover til Spania og Portugal. Noreg har 1200 km av den totale lengda, og me har såleis eit ansvar for å ta vare på lyngheiane våre. Eit nødvendig middel for å klara dette er å halda beitedyr; ikkje minst villsau, som kan byggjast opp som merkevare, meiner Mons Kvamme:

Økologisk berekraftig produksjon, lokale ressursar, trygg mat med lokalt opphav, og levande genbank for framtidige sauerasar.

Maien Koppang fortalte frå arbeidet med å rydda Starumøy for sitkagran. Ho fortalte at ho er nøydd å ha sau for å hindra at sitkagrana spirer i hopetal etter kvart som dei feller tømmeret og fjernar det. Ho drøymer om å få betre tid til å vera der ute og pleia kulturlandskapet.

Informasjonsmøtet blei avslutta med eit teoretisk kurs i skjøtsel av kystlynghei, ved Mons Kvamme. Etter å ha fortalt om pyrotekniske hjelpemiddel og om tryggleik, med vekt på eit godt forhold til brannvesenet, viste han film om lyngsviing, hovudsakleg frå Lyngheisentert på Lygra. Onsdag reiser dei mest interesserte til Straumøy for å omsetja kunnskapen i praksis.