Frå i dag av kan du ringa verdas første medisintelefon, og det heilt gratis. Ringer du  tlf. 800 35 550 kan du få opplest pakningsvedlegg for legemiddel omtalt på Felleskatalogen sin pasientweb.

I ei pressemelding frå Noregs Bildeforbund vert det forklart at medisintelefonen fungerer ved at ein syntetisk stemme, "Kari", les opp informasjon frå vedlegg som følgjer legemiddelet.

Den medisinske telefonportalen, som er den einaste i sitt slag i verda, er eit samarbeid mellom blant anna Felleskatalogen AS (FK), Legemiddel industriforeningen (LMI) og Noregs Blindeforbund. Dette er den norske legemiddelindustrien sitt svar på EU-direktivet om at alle pakningsvedlegg skal vera tilgjengeleg i eigna format for blinde og svaksynte.

Gjeld mange
– Dette er eit kjempe viktig tilbod, og gjev informasjon som me tidlegare ikkje har hatt tilgang på. Mange kvir seg for å la andre lese opp denne type informasjon for seg. Det kan gjelde legemiddel som ein ikkje ønskjer å fortelja andre at ein brukar, seier Åge Nigardsøy, forbundsleiar i Noregs Blindeforbund, og legg til at tilbodet kan vera med på å forbetra helsa til mange.

- Annonse -