Alle fitjarbuar veit at Geir Skeie er verdsmeister i kokkekunst etter utklassingsseieren i Lyon tidligare i år. Nå er også hans første kokebok med i kampen om å bli kåra til verdas beste i 2009.  

-Dette er klart etter at boka er komen gjennom nålauget til Gourmand, World Cookbook Awards. Geir Skeies «Fra barndom til Bocuse d´Or» er kvalifisert til neste runde, i kategorien for beste debutkokebok, og skal dermed representere Noreg i verdsmeisterskapen. Boka er allereie kåra til Noregs beste debutkokebok.

Over 6000 boktitlar fra meir enn hundre land er med i konkurransen, der det vert konkurrert i 40 ulike kategoriar. Vinnarane blir utropt på Paris Cookbook Fair i februar 2010.

-Dette er utrolig stort. Å bli nominert til verdsfinalen er ein siger i seg sjølv, meiner Geir.

Boka «Fra barndom til Bocuse d´Or» er laga i samarbeid med Trude Nergaard (tekst) og Paal-André Schwital (foto) i Metro Branding, som har fulgt Skeie over fleire år. Boka er gitt ut på eige forlag, SKEIE METRO FORLAG.

– Dette er utruleg gledelig og en stor anerkjenning av jobben som er gjort med boken. Ikkje minst aukar dette mulegheitene for at den vil bli gitt ut i andre land. Vi er allereie blitt kontakta av fleire internasjonale forlag, seier Schwital.