Jonsok og bål høyrer saman. Såleis har brannsjef Tore Nesbø gjeve dispensasjon til fleire som ønskjer å markere jonsok på denne måten i morgon. Det tyder likevel ikke at ein kan tenne opp bål uansett vêr. Illustrasjonsfoto: Wikipedia.

– Vêrmeldinga har endra seg dei siste dagane. Så sjølv om ein har fått dispensasjon til å tenne bål, må ein ta omsyn til vêret og vente litt, eller ikkje tenne på om vinden blir for sterk, seier Nesbø til fitjarposten.no, etter at det i dag dukka opp varseltrekant på yr.no.