Til helga gjentar skyttarlaga på Stord og Fitjar suksessen frå i fjor og arrangerer feltskyting i Midtfjellet. Dei forventar rundt 100 deltakarar, blant anna nokre av dei beste skyttarane i landet.

– Med eit slik skytestevne er tryggleiken det aller viktigaste, fortel stemneleiar Jon Terje Hauger. Han og skyttarlaga oppmodar likevel folk til å nytta fjellet, men ber folk om å lesa plakatar nøye, og om å lytta til informasjonsvaktene.

Skytinga vil finna stad over Kinnavatnet / Midtvatnet med Kinno som bakgrunn og ved Olstjørna med Ølstjørnelia som bakgrunn. Stemnet byrjar laurdag 14.mars, og frå kl. 10:00 til 16:00 vert det skyting. Samt på søndag 15.mars frå kl. 09:00 til 17:00.

– Farleg område er merka på kart, og det er eit oversikteleg terreng for tryggleikskontrollørane. Stien over Kinno kan trygt nyttast, men skyttarlaga oppfordrar turgåarar til å ikkje bevega seg nedover i retning Kinnavatnet og Midtvatnet. Vegen til Svartavatnet kan nyttast, sjølv om ein her faktisk passerer under kulene medan skytinga føregår.

På vegne av skyttarlaga melder Hauger at det vert satt opp oppslag på strategiske plassar i fjellet, og ved Olstjørna og langs vegen vil ein møta på informasjonsvakter som vil rettleia turgårarar om kvar det er greitt å bevega seg.

– Postane vil ha høyrselsvern til utdeling slik at man ikkje trenger å bekymra seg over skadeleg lydnivå.

Positiv innstilling

Hendinga er godkjent av grunneigarar og politi, og skyttarlaga melder om berre positive tilbakemeldingar.

– Midtfjellet Vindkraft har satt opp vandrepokal, Engevik & Tislevoll har lånt oss to minibusser, og arrangørlaga stiller med over 40 funksjonærar til saman for å få stemnet til å fungere.

– Ei slik innstilling og positivitet set me stor pris på, og gjer det mogleg å by på Noreg sitt beste feltstemne, avsluttar stemneleiar Jon Terje Hauger.