Vestskog SA har sendt oss ei viktig pressemelding etter stormen. Du kan lese ho nedanfor. Arkivfoto: FP/Frode Helland.

 

VINDFALL ETTER NINA. 

Orkanen Nina gjekk laurdag 10. januar over Vestlandet og etterlet seg store skadar på hus og infrastruktur. 

Vestskog SA ynskjer med dette å gjera alle merksame på at Nina også på utsette plasser har gjort stor skade på skogen. Det er viktig at ein her utøver varsemd. Vindfall står ofte i spenn og er ustabile.

Vi vil på det sterkaste be om at publikum ikkje prøver å gjera noko med vindfall, men melder frå til skogeigar eller kommune. Også for skogeigar gjeld same åtvaringa. Er ein ikkje røynd skogsarbeidar, bør arbeid med vindfall overlatast til profesjonelle. 

Vestskog, i samråd med Fylkesmannen, kartlegg no omfanget av skadane og har i samband med dette oppretta ei webside der skogeigar kan registrera vindfall på eigedomen sin. 

Forrige gong med så sterk vind, i 1994, var omfanget av vindfall over 100 000 kubikk, dette er ca halvparten av normal årshogst i Rogaland»