Fitjar Senterparti inviterer til aktivitetar ved «Stemmetjødno» ved Rydlandsaga på søndag. Kva dei skriv kan du lese nedanfor.

Her på Stordøya har me fantastiske forhold til å komme oss ut i naturen! Senterpartilaga i Fitjar og Stord inviterer alle til aktivitetar ved «Stemmetjødno» ved Rydlandssaga søndag 31. mai, klokka 13.00 og utover ettermiddagen til ca 16.00.

Me har lånt kanoane frå Friluftsrådet Vest, du bør ha med redningsvest sjølv. Bålpannene står klare til grilling, hugs å ta med mat. Elles er staden eit flott utgangspunkt for turar på skogsvegen og mange turstiar i terrenget, og me set opp ein kjekk natursti med premiering.

Alle som møter opp, er med på trekning av eit fenalår, og alt er gratis. 

Er du interessert i korleis ein skjer tømmer på saga og kvifor tjønna heiter «Stemmetjødno»? Lars Rydland viser rundt for dei som er interesserte. Dette blir ein fin dag der me kjem oss ut. 

Helsing Gro Rydland (leiar), Grete Marit V. Maraas (ordførarkandidat) og Jakob Bjelland (leiar og ordførarkandidat)