Fitjar kommune ynskjer dine innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel(KPS), og vil i juni og august treffa flest mogleg av Fitjar sine innbyggjarar.

På førre kommunestyremøte vedtok politikarane i Fitjar «Planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel». Dermed vedtok dei å starta arbeidet med KPS. Den skal utvikla visjon, mål og hovudtema som er viktige for utviklinga av Fitjar dei neste 20 åra.

Hovudtema i KPS er: Fitjar i berekraftig vekst, bulyst, levande sentrum, den grøne kommunen, smarte og kompetente kommunale tenester, mangfald og inkludering og sterke saman.

Eigarskap til resultatet

Politikarane i Fitjar har sidan dag 1 av arbeidet med KPS lagt vekt på at Fitjarbuen må få eigarkjensle til sluttproduktet. Berre gjennom ein brei medverknadsprosess får ein med alle sine synspunkt.

Når ein jobba med «planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel» hadde ein høgt fokus på at folk skulle få seia si meining. Med sjølve kommuneplanen sin samfunnsdel vert fokuset enno høgare.

I juni og august vert det fleire moglegheiter til å koma med sine innspel ansikt til ansikt med Fitjar kommune. Fitjar kommune ynskjer deg velkomen til ein prat her:

Port Steingard – PS Bryggekafe: 08.06

Ope hus – Fitjar kultur- og idrettsbygg: 12.06

- Annonse -

Spar – Larsen Multihandel: 13.-14.06

Fitjarfestivalen: 09.-10.08

Grendamøte – Øvrebygda: 27.08

Grandamøte – Dåfjorden: 28.08

Grendamøte – Osterneset-Stranda: 29.08