Fitjar kommune jobbar framleis med å finne feilen på vassverket. Ver difor varsam med vassbruken.

– Det er oppretta ei mellombels løysing, men ein oppmodar likevel om framleis moderat forbruk inntil feilen er retta opp, heiter det frå Kristin Meland i Fitjar kommune kl 08.21 i dag.