Han er både ute og inne og gjer meir gale enn å stikke.

Alle som likar å nyte maten utandørs på varme sommardagar, har nok erfart at vepsen kan vere ei plage.  Av zoolog Petter Bøckman vert han omtala som eit rovdyr  med stor kjøtt-appetitt. Vepsen treng proteiner for å lage larver. Me merka vepsen i slutten av juli. No i august finst han i hopetal og då er han ivrig etter bær og frukt. Me har lese om sjukehus som har auka pågang av folk med vepsestikk, spesielt på Sørlandet og Austlandet . I samtale med legevakta  på Stord sjukehus får me vite at allergiske reaksjonar etter vepsestikk ikkje har vore noko stort problem til dessar. 

August er den verste vepsemånaden, det er då han stikk, og det er ho-vepsen som gjer det. Personar som blir dårlege bør gå til lege. Den tidlege og svært varme sommaren er ein av grunnane til mykje veps. Vepsebolet startar med berre ei dronning kvar sommar. Difor er det lagleg at den kjem tidleg for å kunne få eit stort bol. I starten er vepsen oppteken av å hamstre mat og byggje koloniar. Vepsen blir sliten på ettersommaren og vert meir irritabel og plagsom. Han får blant anna sopp i vengemuskelen og då vil han gjerne ha sukker. Ein som ville plukke resten av dei flotte bringebæra i hagen, fann ut at det var uråd. Vepsen var innpåsliten og kven vil risikere eit stikk eller fleire? Det er også ein del rips som får henge i fred av same grunn. Mogne plommer er ein ynda plass for vepsen. Han lagar ein liten gang inn i plomma og øydelegg frukta. Heller ikkje eple slepp unna, der han bit hol i skalet og lagar groper.

Petter Bøckman har uttalt til media at ein eigentleg bør vere litt varsam med å slå vekk vepsen, og forklaringa er denne: Vepsen kan utløyse hormon som gjer at andre vepsar merkar det, og så kjem dei for å «hjelpe til». Å utrydde vepsen er ikkje noko god løysing, for då blir det mykje meir larver og mark og andre små dyr.

På tur i hagen for å sjå på vepsens skadeverk, fann me ikkje eple eller pærer som er øydelagte enno, men det var spor etter veps på plommer og fullt angrep på ripsen. På fjernsynet vart det i går kveld vist bilete og prata om mykje øydelagt frukt, til dømes i Hardanger og Nordfjord. Det kan nok bli verre etter kvart som frukta vert mogen. Men me håpar å kunne hauste Victoria-plommer som det er mykje av denne hausten også.