Folket som bur ved Hellandsvegen ser vinteren bokstaveleg talt mørkt i møte. – No det koma veglys før det skjer ei alvorleg ulykke, seier dei til fitjarposten.no.

Rådmann Atle Tornes fortel at han har hatt mange rundar med fylket om dette, men at det enno ikkje har kome til nokon avklaring i saka.

– Men kommunen har allereie løyvd pengar til dette?

-Ja, men det er ikkje berre å setje opp lys på ein fylkesveg før saka er endeleg avklara med fylket. Det er jo dei som har ansvaret for drifta av vegen, seier Tornes, men han vil å fortsetje med å halda trykk på denne saka overfor dei. – I beste fall ser dei på denne saka allereie no, legg han til.

Ordførar Wenche Tislevoll er på ferie. I hennar stad seier varaordførar Agnar Aarskog at saka nyleg har vore handsama i formannskapet, med klar melding om at no må dette kome på plass.

– Men dei kommunale pengane dekker ikkje utgiftene åleine, og det er ikkje særleg god politikk å setje opp ein og ein lysstolpe. Det er betre å vente til at me kan ta heile strekket på ein gong. Derfor ventar me på midlar frå fylket, forklarer han.