Ei venninegjeng i 9. klasse har inngått avtale seg i mellom at dei ikkje skal rusa seg eller røykje.

Tilsamen er det mellom 10 og 15 stykker. Om nokon av dei bryt avtalen, må ho betala dei andre venninene 100 kroner kvar. -Det er idiotisk å drikka før ein er vaksen, seier dei.

Intervjuet med jentene kan sjåast i samanheng med ei undersøkjing Fitjar kommune har gjort mellom ungdom. Tala derifrå er òg svært gode for nettopp den aldersgruppa desse jentene tilhøyrer. For dei som gjekk ut av 10`ande klasse i fjor var tala noko dårlegare, men 60 prosent av dei hadde aldri vore fulle, går det fram av undersøkinga.

Undersøkinga syner elles at  det er svært bra å ha fast innetid for ungdomen om ein ikkje vil at dei skal begynna å rusa seg.