Den tradisjonelle venestemna på Kristi Himmelfartsdag, var denne gongen lagt til Osternes bedehus, med rundt 80 menneske på føremiddagsmøtet.

Truleg er tradisjonen med venestemna i Fitjar vel 70 år gamal. Kvar Kristi himmelfartsdag vert stemna halde, og dei går på omgang mellom bedehusa i Fitjar.
Ingolv Strand sa i dag at han meiner den første stemna var arrangert ca 1937.

Karl Johan Halleraker, generalsekretær i Indremisjonsforbundet, og sokneprest Olav  Oma var talarar, og ein trio frå Øvrebygda, Kari Fjugstad Giske, Marit Tislavoll og Sigrunn Gerhardsen, framførte kjende songar frå songboka.

På eit slikt stemne er mat og bordfellesskap viktig, og i kjellaren vart det servert betasuppe, kaffi og kaker.

Etter matpausen kom ettermiddagsmøtet, med tale av soknepresten og helsingar frå fleire av møtedeltakarane.