Gamle Nyborg ved kai under Fitjarfestivalen. Foto: Kjetil Rydland.

Ei nystifta foreininga vil arbeida med å skaffa midlar til restaurering, vedlikehald og drift av veteranskipet MS Gamle Nyborg, som Asgeir Andersen overtok i sommar.

Som kjent tok Asgeir Andersen heim Gamle Nyborg til Dåfjorden i sommar, og han har store planar for det gamle, verneverdige skipet. No får han hjelp i arbeidet av den nystifta foreininga «Fraktefartøyet M/S Gamle Nyborg».

Foreininga vil jobba med å få inn midler til restaurering, vedlikehold og drift av det tradisjonsrike stålskipet.

– Målet er å ta vare på Gamle Nyborg som eit flytande kulturminne etter antikvariske retninglinjer, heiter det blant anna i formålsparagrafen.

Foreininga skal jobba med organisering, styring og finansiering av arbeida som knyter seg til formålet.

Gamle Nyborg er det siste fraktefartøyet av ståldriftarar som blei tekne inn frå England etter krigen, og fartøyet har vernestatus.

Nærmare opplysningar om den nye foreinga finn du på Facebook-sida deira.

Gamle Nyborg på veg ut frå Fitjar etter Fitjarfestivalen. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -