Damenes aften på Cafè Annemor tysdag kveld, med god mat, fint songinnslag, populære salsbord og «tjåka fullt» med damer i alle aldrar, var ein stor suksess.

Utruleg koseleg, sa både dei unge og dei eldre på veg ut etter tre timar på kafeen. Ein kveld med varm suppe for kroppen, varm song for sjela, varme ullsokkar og tøflar for beina og mange andre ulike produkt og kle som fekk setlaboka og bankkortet til å gå varme, var populært.

Første gong det vart invitert til ei slik samling var 8. mai i år. Den gong som no var det heilt fullt i kafeen med 80 påmelde. Denne gongen vart arrangementet knyta opp mot Rosa sløyfe aksjonen. «Dette er damene sin kveld, og då passar det så absolutt å støtta den aksjonen, som er så viktig», seier Jorunn Torland ved kafeen. 20,- av kvar inngangsbillett gjekk direkte til aksjonen som har som mål å visa solidaritet med brystkreftramma, spreia informasjon og auka kunnskapen om brystkreft og å samla inn pengar til brystkreftforsking.

Damene var tidleg på plass. «Har du handla allereie», utbraut ei då ho møtte venninna med ein papirpose med påtrykket «Ha ein god dag», allereie før klokka var sju. Svaret kom kjapt: «E’ da’kje da så e meiningo. Da blir vel ikkje billigare me tio». Varetilbodet var variert. Smykke ved Laila Korsvik og Kitty Træet frå Theo, sportskle m.m. ved Alice L. Haukeland og Gro Hatlevik frå MX-sport, hudprodukt ved Solveig Vik frå Mary Kay, hårprodukt ved Nina Volden frå Hårloftet, kle ved Jorunn Gjøen og Unn Vigdis Skåthun frå Varehuset Rydland, ull ved Hilde V. de Fine, såpeprodukt ved Jorunn Hærnes frå Fitjar såpekokeri, blomar ved Solveig Thomassen frå Blomaståvo og ulike ullprodukt og bilete ved Irene Karin Torvund. Det meste til velvære for kroppen. Prøving og handling gjekk unna. Ivrige damer måtte nærast jagast til bords då det var klart for mat. For dei fleste var likevel ikkje handlinga det viktigaste, meir heile stemninga og fellesskapet. Drøs og god mat, og ein koseleg pynta kafé fekk folk til å slå seg til ro lenge. Som venta var det berre damer å sjå, så langt auga rakk, og det var forståeleg kvifor redaktør Håkon hadde sendt akkurat meg på dette oppdraget.

Damegruppa Praise Him stod for flott songinnslag og det vart servert ei god malaysisk suppe med eit nydeleg foccasiabrød til. Mange måtte ta fleire rundar i suppebollen før dei var forsynt. Det var og lotteri på inngangsbilletten, og fleire gjekk heim med premiar frå dei forskjellige forhandlarane som var representert her denne kvelden.

Forhandlarane såg og ut til å kosa seg. «Målet er ikkje å selja så mykje», seier Solveig Vik som er Mary Kay-forhandlar, «men å vera med og å treffa folk». Men ein del sal vart det, og nokre gjekk heim med aldeles tomme lommebøker etter til og med å ha kjøpt med seg pynten. Me seier ikkje kven. Det er få, eller ingen, av damene denne kvelden som vil stikka seg fram. Men mange la igjen eit juleønske hos Kitty og Laila, slik at mennene kan ta ein tur innom Theodoren når dei treng julegåvetips.

Sissel Christensen og Jorunn Torland, som har planlagt det heile saman med Solveig Vik og Unn  Vigdis Skåthun, er glade for at det heile vart så vellukka og at dei fekk med så mange ulike produkt. Dei ser ikkje vekk frå at det kjem til å verta to slike arrangement kvart år framover, så lenge som interessa er så stor som dette.