Vi var ikkje heile møtet ut, men det me fekk med oss på Fitjartun i kveld, var velsigna bra.

Det heile starta med det me kan kalle «ein flott kristen-country-konsert» med Svein Johnsen og sonen Morgan. På dei siste songane fekk dei òg Glenn Wiik med.

Svein og Morgan veksla på å spela bass og akustisk stålstrengsgitar, og Glenn fylte godt ut rytmisk når han kom med. Svært bra spel, og ditto song. Når vi så kallar det «konsert», er det fordi sekvensen varte over ein klokketime.

Samstundes gjorde aktørane det heilt klart at dei var ikkje komne til Fitjar for å underhalda. Dei var særs tydelege på at det var Jesus som stod i sentrum i alt dei gjorde, og det var bodskapen om Han dei ville formidle. Det gjorde dei òg, med sentral bibelforkynning og sterke vitnemål om ein tilgjevande og helbredande Gud.

I tillegg var det ein del undervisning om kor viktig dåpen og nådegåvene er for kristentrua, slik pinsevenene til vanleg legg dette fram. Det meste kunne òg ein lutheranar seia ja og amen til.

I eit slikt møte hadde me venta oss ein lang kollekttale. Det vart det ikkje. Det var ikkje kollekttale i det heile, berre ei opplysning om at at det vart kollekt «under neste fellessong».

Noko over 60 tilhøyrarar var til stades.