Venestemnet på Fitjar bedehus i dag vart akkurat slik eit venestemne skal vera: Samlande og oppbyggjeleg med takk og glede i botn.

Venestemna har lang tradisjon i Fitjar, og dei har gått på omgang mellom bedehusa i bygda i fleire generasjonar, alltid på Helgetorsdag.

Denne dagen har då òg vore kristen høgtidsdag heilt i frå 40. påskedag den gongen den kristne påska vart innstifta. Helgetorsdag hyllar Jesus som Herre, etter at Han denne dagen fòr opp til Himmelen og igjen sette seg ved Guds høgre hand, etter å ha sona våre synder.

Det passar elles godt å ha venestemne denne dagen. For Jesus er ikkje berre vår Frelsar og Herre. Bibelen fortel at han òg kallar alle som trur på han vener. Og Venestemnet er ei samling for Jesu vener, anten dei tilhøyrer den eine eller den andre kristne organisasjonen. Rundt 100 var til stades på samlingane i dag. Nokre kom òg frå Stord.

Første møtet var kl. 11.00. Så vart det middag før det var ei ny samling kl. 13:30. Talarar i år var sokneprest Olav Oma og tidlegare sekretær i Samskipnaden Toralf Steinsland. Fitjar Musikkforeining song.