Årets Wärtsilä Cup levde opp til ryet som cupen for dei som vil ha det kjekt, og blei avslutta laurdag ettermiddag utan store skadar.

Fleire av dei mest kjende lokale laga var ute av turneringa før det nærma seg finale. Fitjar-laga Komlene og Rødhettene har ofte sett sitt preg på dameklasen, men ingen av dei nådde finalen. Den blei vunnen av Jepp med heile 4-0 over Unitech. På vinnarlaget merka me oss Fitjar-jentene Randi Thorland, og Kari Fykse Lie, landslagsspelar i rugby.

I open klasse var velkjende Håkelklubben og Kromkakene ute av turneringa før finalen. Men BOB med den kjende Fitjar-stjerna frå 1990-talet, André Lie, gjekk heile vegen. I finalen blei det tap 4-5 på straffespark for Samba Team og Thomas Steensohn.

Nesten heile A-laget til Fitjar spela for Pokerstars, og hadde store voner i eliteklassen. I kvartfinalen utklassa dei FC  Pace, ein gjeng kjekke unge menn frå Stord og Solid. Men finalen gjekk utan pokerspelarane frå Fitjar. Den blei eit oppgjer mellom Nøttene og Best utan fart. Nøttene og Jonas Tislevoll vann så klart som 4-1.

Turneringsleiar Ole Bergesen rapporterer om ein godt gjennomført cup utan store skadar.