Fekk gjort årets vårdugnad mellom regnbyene.

– Laurdag 9. mai kalla Vestbøstad Vel inn til årets ryddedugnad. Veret får ein ikkje gjort så mykje med, men vergudane må likevel seiast å ha vore med oss all den tid det regna både før og etter, melder Jostein Helle på vegner av velforeininga.

Han fortel at årets oppslutnad ikkje var så stor som dei foregående åra, men at innsatsen var det imidlertid ingenting å utsetja på.

– Vegar, strandsone og stranda blei rydda og klargjort for 17. mai og ein ny sommarsesong. Det har dei siste månadane blitt lagt ned mykje frivillig innsats med oppgradering av arealet rundt stranda, og me gler oss til å ta området i bruk. Stor takk til alle store og små som deltok i år, avsluttar Helle.