Denne helga har Aktivt Skogbruk igjen arrangert  kurs i skogsarbeid i Fitjar.

Interessa for skogsarbeid er tydelegvis aukande i Fitjar. Denne helga var Audun Lund Eik frå Aktivt Skogbruk instruktør på skogkurs i Fitjar for andre gong på to månader. Denne gongen møtte sju deltakarar, i alderen 15 til vel 50. Instruktøren har fagbrev som skogsarbeidar og kjører hogstmaskin til dagleg. I tillegg er han autorisert instruktør og arbeider for Aktivt Skogbruk i Hordaland og Rogaland.

I går var dei inne på Rimbareid skule og lærte om bruk av verneutstyr og stell av motorsag. I dag bar ut i granskogen til Lars Dalen, ein skog som burde vera svært enkel for nybyrjarar å øva seg i. Og instruktøren har heile tida følt seg trygg på at dette skulle gå bra. Han skryt av dei ivrige kursdeltakarane, som har gjort alt slik dei har lært det skal gjerast.

16 år gamle Jannicke Korsvik er godt fornøgd med utbytet av kurset. No gler ho seg til å koma heim til Korsvikjo og gå laus på vedaskogen.
Ho har vore mykje med faren og arbeidd med ved, men utan å få bruka motorsaga. Det blir det nok ei endring på no. Til liks med dei andre kursdeltakarane meiner ho Audun Lund Eik er ein knallgod instruktør.

Om endå fleire skulle vera interesserte i liknande kurs, må dei venda seg til Ole Kristian Trondsen på Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, seier Audun Lund Eik. – Og dei må følgja med på Fitjarposten – det var slik me fekk vita om dette kurset, avsluttar ein av kursdeltakarane.