Måndag arrangerte forsøksringen ei vellykka markvandring hos Lars Olav Rimmereid. 19 interesserte bønder møtte fram.

Ringleiar Einar Johan Tvedt demonstrerte korleis ein kan vurdera om jordstrukturen er bra eller dårleg.

Vidare orienterte ringleiar Bart van Gool om graskvalitet, konserveringsmidlar og rett tidspunkt for å starta med 1. slåtten.

Deretter la Egil Hervik frå Felleskjøpet ut om aktuelle kraftfôr- og mineralblandingar til beite.

Dei frammøtte fekk også høyra Jan Harald Nesse frå Tine Vest orienterte om sporer i fôret og mjølkekvalitet og om fôrplanlegging til mjølkekyr.

best steroids