Mandag 8. mars samla det seg over 80 damer på Cafe` Annemor for å feira kvinnedagen

Cafe` Annemor inviterte inn til jentekveld 8. mars, noko som vart ein stor suksess.
– Det var veldig spennande om dette var noko som damene på Fitjar kunne vere interessert i, men Vi har fått kjempe god respons! Vi er kjempe nøgde med resultatet, det var jo over 80 damer som tok turen til oss, heilt fantastisk. Fortel Jorunn Torland og Sissel Christensen som var kveldens vertar.

I løpet av kvelden var det litt av kvart å sjå, høyra og smaka på. Jorunn Torland ynskja velkomen, der ho fortalte litt om kvinnedagen og las opp eit fint dikt. Deretter vart det nydeleg sang frå Marte Bauge Torland. Det vart servert kjempe god malaysisk fiskesuppe, ei suppe som fekk mykje skryt av alle.

På gangen hadde Unn frå Varehuset Rydland rigga seg til for å visa litt av det dei har å tilby. Dei har nettopp fått inn klede på butikken som Unn viste fram, eit merke som heitar Cream. I tillegg hadde ho med seg nydelege borddekningar. Duo hårsalong var også tilstades med diverse hårprodukt til sals. Inne i Annemorstova hadde MX-sport med seg jakker, genserar og diverse tilbod, Solveig Vik hadde med seg sminke frå Mary Kay og klede frå det danske merket Green House. I tillegg fekk alle som var til stades prøva eit fantastisk handsett frå Mary Kay. Her var det berre til å handle så mykje du makta.

Dette var ein vellykka kveld, med mykje latter, god mat og veldig koseleg! Kanskje det kan bli ein tradisjon?