Vestbøstad Vel feira 30-årsjubileum – i stor stil.

 

For det første var det barneteater:

– 50-60 born var samla på den nye leikeplassen og lurte heise på kven som luska rundt i skogen. Det var Ole Brumm, Tigergutt og Kristoffer Robin, spelt av tre elever frå Fitjar Vidaregåande Skule. Dei engasjerte borna med teater, song og aktivitetar. Det var seigemannstrekkjekonkuranse, balløving og anna leik. Til slutt delte Ole Brumm ut is og ballongar, fortel Frode Brakedal, som legg til at alt var sett i regi av Sissel Jørgensen som dagen etter sette seg med klassen på bussen til Riga. Til Riga har dei med seg ei pengegåve frå Vestbøstad Vel, pluss to fulle sekker med leikar som borna gav frå seg.

Rundt ballbingen

Brakedal fortel vidare at etter barneteateret fortsette jubileumsmarkeringa med ulike aktivitetar nede ved ballbingen.

– Først på programmet var sykkelløp rundt Vestbøstad der deltakarane måtte svara på sju postar undervegs.  Det «tøste» med små og store syklistar nede ved ballbingen, og heile 86 stilte til start.  Deltakaren med mest rette svar blei premiert, i tillegg blei det trekt ut mange vinnarar på startnummeret, skriv til han fitjarposten.no, og fortset:

– BMX-banen blei også tatt i bruk på søndag, og ungane fekk sykla gjennom ei løype på tid. Vinnaren blei Heine Nysæther Storevik.  Han vann eit gavekort 350,- på Larsen Mulithandel gjeve av Engevik & Tislevoll.  Under premieutdelinga, fekk fam. Lars Vestbøstad ein blom frå Vestbøstad Vel for den jobben som er gjort med å laga flotte løyper på bakkane på Vestbøstad i heile vinter.

Til slutt var det tid for fotballturnering. Rundt 50 små og store blei delt inn i 10 lag, og alle fekk spela minst 1 kamp før eit vinnarlag kunne kårast. Under heile arrangementet kunne ein kjøpa seg brus, kaffi, kaker, bollar, lappakaker, muffins og betasuppe i kiosken i teltet.

Jubileumsfest

Siste post på jubileumsprogrammet var jubileumsfest på Spona, der Randi Dalen og hennar besetning på Fitjar  Sjø- og Camping hadde stelt i stand til fest.

– Festlyden fekk tilbakeblikk frå dagane før, og dei første åra etter velforeininga vart skipa. I arbeidet har det heile tida vore prioritert oppvektsvilkår i form av infrastruktur og rekreasjonsområde. Største markeringa så langt har nok vore stormønstringa med fakkeltog i sentrum, då planane om sykkelsti frå sentrum til Vestbøstad nok ein gong sto i fåre for å verta utsett.

Leiaren i foreininga orienterte om status for aktuelle prosjekt som badestrand m/pir, ballbinge, BMX-bane, leikeplassar etc. Han oppmoda til å vere inkluderande overfor alle innbyggjarar i fitjarbygda som ynskjer å nytte områda som ligg innafor velforeininga.

Festen hadde også utfordringar som sette på tanke og fysikk på prøve gjennom spørjeleik, konkurransar og dans.

I kor med fuglesongen kvitra dei siste festdeltakarane på heimveg med ein klar oppfatning av at Vestbøstad nok må vere eit av dei betre område på kloden å vere busett i.

Styret i Vestbøstad Vel ynskjer å rette ei takk til alle som gjennom åra har bidrege til det gode miljøet som er skapt på Vestbøstad, og ei særskild takk til alle som bidrog i samband med jubileumsmarkeringa, både som deltakarar og funksjonærar, heiter det i eit referat frå festen.