40 små og store møtte i Vekslia på søndag for å vera med Barnas Turlag til Njoten – ein av fire topptrimturar dette året.

8 – 10 grader, overskya og litt regn hindra ikkje ivrige og spreke turgåarar å pakka sekken og ta på støvlar for å gå på tur. Det var bra oppmøte sjølv om det òg var konfirmasjonssøndag både i Stord og Fitjar.

Kvar familie fekk utdelt skjema og blyant for å svara på spørsmåla på dei fem postane undervegs. Spørsmåla på første post handla om namn og høgd på toppen dei skulle til, og på dei andre postane var det spørsmål om fuglar, blomar, dyr og om kart og kompass.

Mellom 1. og 2. post var det ein fin dam, der dei fleste stoppa ei stund for å studera dei mange små rumpetrolla. Når ein nærma seg 4. post var det slutt på den fine traktorvegen, og det vart til dels myrete og blautt i stien oppover, men alle kom seg fint opp til toppen – nokre på ryggen til pappa eller besten.

På toppen var det litt kjølig, men folk kosa seg med nista, saft, kakao, kaffi, frukt, sjokolade eller andre ting dei hadde med i sekken. Alle skreiv namnet sitt i boka og borna fekk klipt i topptrimkortet. Før turen ned att fekk alle borna utdelt sjokolademedalje i premie.

Det er lagt ut konvoluttar med klipperkort, kart og informasjon for sal hos Larsen (kr 30 pr stk), og alle som klipper på minst 3 av dei 4 toppane, kan senda inn kortet og vera med i trekninga om premiar.