Laurdag 22.juni var det offisiell opning av turløypa på Fodno.

Omkring sytti personar tok sjøvegen ut til øya. Halvparten i eigne båtar, og den andre halvparten fekk segla med seglkuttaren Seladon.

Ved landgang kl. 15.00 blei turdeltakarane møtt med musikk frå Toradertruppene, og deretter ynskja velkomen av Bente Bjelland, kultur og informasjonssjef i Fitjar kommune.

Ordførar Wenche Tislevoll var ein av fleire som talte, og ho sa mellom anna at stien på Fodno er tur nummer elleve i prosjektet «Vandring i Hordaland», som blir leia av Jan Morten Nesse i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Tislevoll var glad for det gode oppmøtet. – Det er bra at me får merksemd kring turstien. Det er veldig bra for Fodno, seier ordføraren til Fitjarposten.

Ho erklærte turstien for opna, medan Toralf Røen avduka ei tavle med informasjon om løypa.

Mesteparten av dei frammøtte gjekk turen heile vegen opp til Ramsberget, den høgaste toppen i Fitjarøyane (149 moh.). Der kunne folk skrive seg inn i gjesteboka, samt nyte utsikta.

Etterpå blei det servert vaflar, kaffi og saft ved skulehuset. Både store og små koste seg i det fine vêret.

Åse Nøttveit er ein av pådrivarane bak turløypa på Fodno, og ho meiner slike turar er noko som må opplevast. – Det er viktig at flest mogleg oppdagar kulturlandskapa i området, seier Nøttveit.