Det var mange fint brukte kle som skifta eigar på Fitjar bedehus i dag.

Mange mødre hadde teke storopprydding heime i skuffer og skap og plukka med seg store posar med kle o.l. som ungane hadde vokse ut av, utan å ha slite ut. Etter den vanlege songstunda og nistemåltidet på Babysong og småbarntreff vart alt lagt fram på bord eller hengt opp langs veggen. Resultatet var ein stor flott "butikk" med stort utval, med hovudvekt på kle i storleiken 0 -2 år. Det var mykje fint å finna, og mange ting såg nesten ubrukte ut. Tilbudet var nok større enn etterspørselen, men mange fann noko dei trong og som passa. Prisen på ca. 10 kroner pr. plagg gjekk til småbarnstreffet, som etter samlinga sat igjen med vel 700 kroner, som heilt sikkert kjem til nytte. Mange uttrykte at dette var kjekt. Fleire sa dei håpar på gjenntaking til hausten, når me skal ta fram att vintergarderoben og vinterutstyret. Etter ei slik positiv mottaking så kjem det nok fleire slike dagar, og då håpar arrangørane at endå fleire nyttar høvet til å skaffa seg fint brukte ting og at utvalet i storleikar på kle kanskje vert endå større.

Sidan dette var den siste samlinga i vår vil Babysong og småbarntreff med det same nytta høvet til å takka og rosa dei kjekke kjøkendamene som har hjelpt til dette året. Mange har satt pris på å bli oppvarte av Kjellaug Aarbø, Gunn Marit Volden og Marta E. Helland!