«Fitjartun» blei fylt til siste stol då fotballgruppa bad inn til fotballbasar søndag ettermiddag.

Vel 150 fotballfolk i alle aldrar strøymde til ungdomshuset for å vera med fotballgruppa på den første fotballbasaren i Fitjar. Eit kjøpesterkt publikum forsynte seg godt av årene i begge rundane. Alt blei utselt, noko som gav pengar i kassen til fotballgruppa. Premiane var gjevne av lokale næringsdrivande, og enkelte hadde fotballgruppa kjøpt inn sjølv. Både enkle premiar som lyng og blomster, og flotte soveposar og ryggsekker. 

Britt Lise O. Volden i arrangementskomiteen for fotballgruppa seier seg svært godt nøgd med basaren. Folk fekk seg ei hyggestund i ungdomshuset, og fotballgruppa fekk eit verdfullt bidrag til klubbkassen. Basaren blei avslutta med trekning av dei finaste gevinstane, i loddboka som har lege ute eit par veker. Resultatet av denne trekninga blei slik:

Fruktkorg: Jens Grønås Bukkøy
Kransekake: Mai Britt Sandtorv
Søndagsmiddag for to på Fitjar Fjordhotell: Elin H. Koløen
Komlemiddag for to på Fitjar Fjordhotell: Oddvar Volden
Gåvekort på kr 500, Varehuset Rydland: Nils Ingmar Dalen
Gåvekort på kr 500, Kulør, Odd Larsen AS: June, Marianne og Magnus Raunholm
Revybillettar: Vidar Westerheim
Sykkel: Jorunn K. Sørfonn

Rett trekning vitnar:
Agnar Aarskog, Britt Lise O. Volden og Monika Hatlevik.