Etter fleire utsetjingar på grunn av vind, blei det gamle «Sætrevik-huset» sett fyr på. Ein god øving for brannmannskapa.

Alt gjekk kontrollert føre seg då brannmannskapa sette fyr på det gamle hust som likevel skulle rivast. Øvinga vart realistisk, spesielt for dei 5 røykdykkarane som Fitjar brannstell har. Brannsjef Tore Nesbø fortel at det er krav til god helse og kursing over lengre tid før ein vert godkjend som røykdykkar.
Mesteparten av brannstellet sine mannskapsresursar var med på øvinga.
Til vanleg er det konteinarar som vert sett fyr på når me har øving. Denne gongen vart det meir realistisk og dermed endå betre øving seier Tore Nesbø.