Sigrid Fangel losa ei fullsett kyrkje gjennom ein variert og fint samansett julekonsert som gav oss skikkeleg julestemning – vonleg varer den heilt til jul.

Først ute var kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jorrdåen på fløyte, med Solofantasi i g-moll av Georg Philipp Thelemann. Så fekk ho med seg ei fløytegruppe i kulturskulen på to stykke, God Rest Ye Merry Gentlemen og Det lyser i stille grender.

Osternes Mannskor var som under julekonserten i fjor – og alle andre år – i storform i går kveld. Dei starta med julesong av Lars K. Vik, før me fekk høyra den svenske folketonen Mitt hjerte alltid vanker. Nordsjøkatedralen, arrangert av Svein Tørnquist, var ein ny song for fleire av oss.

Ole André Westerheim har vist før at han beherskar dei fleste sjangrar. I går kveld fekk me ei mektig framføring av Comfort ye frå Händel sin Messias, stødig akkompagnert av Svein Tørnquist. Vemodig vakkert!

Etter at kyrkjelyden hadde sunge Mitt hjerte alltid vanker, heldt Håkon C. Hartvedt appell, med utgangspunkt i nettopp denne salmen. Han la spesielt vekt på det som salmen uttrykkje med ordet «hovedsum», det som er ekte, som betyr noko. Og han viste til vers 12 i Johannesprologen. «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Gud born – dei som trur på namnet hans».

Guro Rimmereid fekk nok ein gong vist talentet sitt då ho spela preludium i B-dur frå Wohltemperiertes Klavier av Johann Sebastian Bach.

Før damekoret Corona frå Stord – med sterke innslag frå Fitjar – slapp til. Dei har ikkje vore med på julekonsert i Fitjar kyrkje før, men me høyrer dei meir enn gjerne igjen. Med flott dynamikk framførte dei No koma Guds englar, Jul, Jul, strålande jul, Nordnorsk julesalme, Et lys imot mørketida og Himlen i min famn. Homogent reint og vakkert!

Fitjar Musikklag leverer alltid «varene». Denne gongen med Audun Arthur Mehammer som solist i Deg å få skoda og Karine Tveit Lillenes og Thea Træet i Himlen i min famn. Unge Thea sjarmerte kanskje mest med ei klokkeklar røyst. Flott!

Konserten blei avslutta med allsong under leiing av dei tre solistane Thea Træet, Audun Arthur Mehammer og Karine Tveit Lillenes, akkompagnert av Fitjar Musikklag og Harald Skumsnes på orgel. Med ei slik framføring av Deilig er jorden bør julestemninga vera på plass, skulle ein tru.