Førstkomande onsdag, dvs, 15. april, inviterer Babysong og småbarnstreff til gjennbruksdag på Fitjar bedehus.

Det vert først vanleg babysong og småbarntreff med songstund, der babyane samles på loftet og dei andre ungane vert delt i to grupper etter alder. Så er det felles nistemåltid før det inviteres til sal av ulikt brukt barneutstyr og -kle til ein svært rimeleg penge. Dette tek til kl. 11.30 og varer til ca. 12.00. Alle som ynskjer det er då velkomne til å ta turen innom bedehuset for å kikka eller handla noko.

Dette er 3. gongen det arrangeres ein slik gjennbruksdag. Tilbudet har vore populært tidlegare, og småbarnstreff håpar på ein ny suksess der mykje fint brukte barnekle og anna barneutstyr kan skifta eigar og koma  nye ungar til nytte.

VELKOMEN INNOM ! ! !

OPE FOR ALLE ! ! !