Temakvelden «Sommerfuglvinger» vart ei strålande oppleving, som langt fleire enn dei som møtte fram i Fitjar kyrkje i kveld burde fått del i. På biletet: Solveig Leithaug. Foto: Håkon C. Hartvedt

Arrangørane gjekk på førehand høgt ut med varme superlativ om korleis denne konserten ville bli, så forventingane var store.

Men me vart så visst ikkje skuffa. Tvertimot. Konserten  heldt det som var lova – og vel så det. 

På plakaten vart det annonsert at konserten skulle vere med Barbro Wiig Sulebakk, Siren Godø og Solveig Leithaug. Men i tillegg vart me overraska med flotte innslag av Serlina Sulebakk og vesle Hennie. Serlina imponerte med svært bra song og synte at ho òg kunne danse. Henny sjarmerte alle med den vakre dansen og veremåten sin – og songen hennar i ekstranummeret gjekk rett til hjartet. 

Det gjorde òg songen til Barbro og Solveig.
For mange er Barbro mest kjent gjennom Team Sulebakk eller gjennom andaktene på NRK, men i kveld synte ho at ho òg står svært godt som songartist på eigne bein. Ho gav til beste ei nydeleg, lyrisk og klokkeklår røyst, og tekstane hennar er sterke og gjennomlevde – og fylt av trygg kristentru. Svært vakker var òg hennar duett med Solveig Leithaug. 

Mykje av det samme som me sa om tekstane til Barbro, kan seiast om tekstane til Solveig Leithaug. Ho har heilt klårt opplevd det ho syng om. Det vart òg understreka ved at ho òg fortalde om bakgrunnen for nokre av songane. Underteikna blir elles aldri lei av å høyre den fantastisk flotte «Eg ber for Norge».
Ei engelsk avdeling var òg spennande. Og då har me ikkje nemnt gitarspelet som er heilt eminent.

Siren Godø sin dans understreka på ein god måte teksten til fleire av songane, heilt i pakt med slik dans Bibelen fortel om – og ekstra vakkert var det når ho fekk med seg Hennie og Serlina.

I mellom songane leverte både Barbro og Solveig mange velsigna gode ord til å ta med vidare på vegen.

Eli Simonsen leia det heile – som vanleg på ein trygg og god måte.

Nydelig, lyrisk song av Barbro Wiig Sulebakk. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Siren Godø. Foto: Håkon C. Hartvedt

Celina Sulebakk. Foto: Håkon C. Hartvedt

Henny. Foto: Håkon C. Hartvedt