Geir Bjarte Hatlevik, Kjetil Rydland og Signe Kvalsvik Rydland vart heidra på årsmøtet til Fitjar Idrettslag, onsdag 3. mars.

Signe Kvalsvik Rydland fekk heidersmerket » Årets Viking» for sin innsats som fotballdommar, og for at ho, som det, har valgt å representera Fitjar IL. På den måten gir ho god PR for laget. Kjetil Rydland og Geir Bjarte Hatlevik fekk heidersmerkje for «Lang og tru teneste».

Etter valet er det klart at Elin Siglen held fram som leiar av Hovudlaget. Resten av styret var ikkje på val.

Leiarar av gruppene er:
Badminton/Bordtennis: Stian Hatlevik,
Friidrett: Rolf Vik,
Orientering: Sigmund Sætre,
Turn: Trude Strand,
Bente Fitjar vart valgt til sekretær for desse gruppene.
-Fotball og Handball har ikkje leiar. Hovudlaget og valnemdene prøver å finna nye leiarar innan 1.mai, heiter det.

Leiar, Elin Siglen, melder elles om god stemning, god økonomi og stor aktivitet (litt over 700 medlemer). 

76 personar tok Idrettsmerket i fjor, og målet i jubileumsåret til Fitjar kommune er å koma opp i 150 idrettsmerketakarar.