A-laget til Fitjar vann ein velfortent siger mot solreven og Søre Neset torsdag kveld.

Fitjar-gutane nytta den flottaste sommarkvelden me har hatt på fleire år til å sikra seg tre velfortente poeng mot Søre Neset. Kampen mot solreven var nok litt tøffare enn kampen mot gjestene frå Halhjems-sida, som ikkje hadde store sjansar til poeng mot eit solid heimelag. Første omgang blei rett nok litt laber, men Fitjar hadde full kontroll etter at dei tok leiinga 1-0 etter vel eit kvarters spel. Thomas V. Waage begynner å få løpa til å stemma, og scora pent frå vel 10 meters hald, etter pasning frå Mats Brakedal. Det som var av målsjansar resten av omgangen, var det Fitjar som stod for. Målscorar Thomas V. Waage var farleg frampå fleire gonger utan å lykkast heilt. Det same var midtstoppar Martin Vestbøstad, som glei fint gjennom, men blei felt inne i feltet til Søre Neset. Dessverre blei han skadd i samanstøyten og måtte gå ut.

I andre omgang tok Fitjar meir og meir over i sommarvarmen, ikkje minst takka vere ein motivert Jan Åge Tislevoll, som sette fart i angrepet til Fitjar. Høgreback Leif Andre Tangen hadde vist mykje bra i første omgang, men han fekk endå betre plass etter at Jan Åge kom på banen. Tangen starta dei fleste angrepa til Fitjar frå sin høgrebackposisjon, og det var ikkje tilfeldig at scoring nummer to kom etter fine kombinasjonar mellom Leif Andre Tangen og Kjell Andre Thorland på høgresida. Før Thomas V. Waage kunne setja innlegget sikkert i mål. Dagens finaste mål kom etter vel 20 minutt i andre omgang. Kjell Andre Thorland skaut hardt og velplassert frå vel 20 meter, heilt utakbart for keeper.

Søre Neset hadde ikkje mange sjansane, men den eine dei hadde, sette Thomas Halhjem  i mål, etter vel ein halv times spel. Fitjar kvitterte rett etter, med dagens tredje scoring av Thomas V. Waage. Han fekk stå merkeleg åleine inne i feltet, og scora sikkert på eit pent innlegg frå Jan Åge Tislevoll på høgresida.

Torbjørn Korsvik blei utropt til dagens Fitjar-spelar, fortent nok. Men høgreback Leif A. Tangen starta eit utal angrep for Fitjar, og var nok etter vårt syn banens beste. Det er òg gledeleg at storscorar Thomas V. Waage begynner å få ting til å stemma, slik at me kan venta oss mange mål utover i sesongen. Elles spela alle ein jamp bra kamp, ein kveld då solreven kanskje var den hardaste motstandaren.

Etter kveldens kamp held Fitjar godt følgje i toppen av 5. divisjon.