Finn Ingvar Havnreås fekk utdelt frivilligprisen for 2009 sist torsdag. Svært velfortent, meiner me.

I fleire år har Havnerås, på frivillig basis gjort sitt til at Fitjar sentrum skal halda seg reint og attraktivt. Det har han gjort ved å plukka boss og ta seg av plenane i sentrum i helgane. I tillegg har han gjort mykje dugnadsarbeid for Fitjar Idrettslag.

-Eg likar å sjå at det er fint rundt meg, seier Finn Ingvar Havnerås til fitjarposten.no.

Han fortel at det er mest tobakksrekvisita, hurtigmatemballasje og plastprodukt frå jordbruket som ligg og sleng langs vegane. -Mengda av boss som ligg òg sleng har  halde seg jamnt dei siste åra.

Det ideelle hadde sjølvsagt vore at folk ikkje kasta i frå seg boss langs vegane, legg Havnerås til og skryt litt over skuleborna.

-Rett nok kan det liggja nokre juicekartongar og slikt etter dei, men stort sett er det svært lite boss rundt skulen, fortel han.

Frivilligprisen vart delt ut på julesamlinga til Fitjar Frivilligsentral i Fitjartun, torsdag kveld. Her vart og andre eldsjeler heidra.