Me snakkar ikkje då berre om Fitjar Musikklag og Fitjar Skolekorps, men om heile den imponerande massemønstringa av fitjarkultur me opplevde, laurdag kveld.

Og det var mange som imponerte. Kanskje mest ”Fitjargutane” med vokalist Kjell Magnar Helland. Visst har me høyrt dei mange gongar før, men dei har framleis smittande speleglede, og aldri har me høyrt Kjell Magnar betre. Vokal av utruleg høg kvalitet.

 

Me vil heller ikkje så snart gløyma duetten mellom Ørjan og Espen Hatlevik. Synd at Ørjan var stokk forkjøla. Me hadde likevel tålt mange fleire nummer av dei. At Espen òg var god, visste me. Flott at han no fekk syna seg fram.

 

Det var elles tett i tett mellom høgdepunkta.

Fitjar barnegospel er det for det første berre utruleg kjekt å sjå på. Ikkje minst laurdag når dei stilte i bunad. Og når dei i tillegg syng fantastisk reint og godt for å vera så små, og har ein solist som Audun Arthur Mehammer, er det berre å storklappa.

- Annonse -

 

Imponerte gjorde òg Irene Simonsen med briljant flygelspel som var det nye instrumentet verdig, og ho synte før ho sette seg til flygelet at ho dessutan har ein nydeleg, lyrisk songstemme.

 

Tora Vestbøstad hadde henta fram pennen att etter mange år utan diktproduksjon, og synte at ho har både samfunnsinnspelet og glimtet i auget intakt framleis. Ypparleg lese av Per Drønen. Det same kan ein seia om Harald Johan Sandvik sin framføring av ein tekst om SA-møtet i gamle dagar, skriven av Harald Vik.

God lyd 
Då Osternes mannskor song, skjøna me for alvor at òg  lydfolka gjorde ein framifrå jobb.

Aldri før har koret sine velforma klangar nådd ut i konsertlokalet så runde og vakre som denne gongen. At koret òg heiv seg på ein ”Bach-versjon” av ”Bær, bæ lille lam” var festleg, og ikkje mindre festleg var Martin Hatlevik som solist på ”Eg rodde meg ut på seiegrunnen”,

både som songar og skodespelar.

 

Elles var det god stevjing av  Ann-Sofie Drønen og Ingolf Rimmereid. Ikkje minst humra salen over Jens Pedersens kolde ben. Flott var det å få eit gjensyn med Ole Bergesen både som lett, ledig og morosam konferansier, og i ”Ferjebillettøren” og ”Fotballdomaren”. Likeeins med Henning Wickmann i ”Oscar-figuren” sin. Det er jo ikkje alle i bygda som har vore på revy i teltet. Dei to reklamesnuttane om HSD og Larsen fungerte derimot heller dårleg i denne settinga, og kunne med fordel ha vore utelate. Den første snutten hausta då heller ingen applaus.

 

Kjekt var det  òg å få eit møte med songarar og dansarar frå Kulturskulen. Vel i frå det kom dei alle, men me kan ikkje la vera å trekkja fram Ole Andre Westerheim.  Berre framføringa laurdag gjer at me skjønar godt at han fleire gongar har gjort det bra i ”Ungdommens Kulturmønstring”.

 

Fitjar skulekorps synte tydeleg framgong, og hadde valt nummer som dei meistra svært bra. At Fitjar Musikklag både opna og avrunda gildet, var som det skulle vera. Dei er berre knallgode.

Grunn til å vera stolt 

Ordførar Agnar Aarskog var stolt, og hadde grunn til det, då han opna festframsyninga.

Og mindre stolt hadde han ikkje grunn til å vera etterpå.

 

-Me har nådd eit mål etter å ha hatt ein draum, sa han og takka alle som har virka med til at bygget no er realisert.

 

– Dette vil bli møteplass nummer ein, både for unge og eldre i bygda. Ein plass der alle møter alle. No er utfordringa berre å ta huset i bruk, sa ordføraren og nemnde alle slags konsertar, utstillingar og bygdekino som naturlege arrangement som kunne finne stad i bygda.

 

Seinare kunne han, saman med leiar i plan og miljø, Anne Line Innvær, overrekkja Kulturprisen for 2005 til ein takksam, og noko rørt, Ole Christian Ottestad, som etterpå fekk trampeklapp frå salen.

 

Fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup gratulerte med bygget og gjekk vidare på ordføraren sin tanke om å ta bygget i bruk. – Bruk det, ikkje berre som publikum, men produser ting sjølv.

Fantastisk at heile programmet i dag er av eigne krefter, sa ho og utfordra kreative krefter i Fitjar til å laga noko til Tveit/Hauge-jubileet i 2008.

 

Fitjar Barnegospel stråla Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Epsen og Ørjan Hatlevik
Ørjan var stokk forkjølt, men overbeviste likevel på heimebane. Det gjorde broren Espen òg.
Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Kulturprisen 2006
Ole Christian Ottestad fekk kulturprisen. Foto: Håkon C. Hartvedt.