Speidarleiren er over. Og me seier "Vel blåst". Leirsjef Karen Margrethe Sture er òg svært nøgd.

– Alt har fungert svært bra. Og me har fått mange gode tilbakemeldinger av lokalbefolkninga. Det har vore utruleg kjekt, og me kjenner på at me er blitt godt mottekne, smiler ho.

Etter eit kolossalt regnskyll ein av kveldane vart det svært vått i leiren. -Men då fekk me tilkøyrt grus, så det heile ikkje skulle bli eit gjørmehol, skryt ho.

Både ordførar Harald Rydland, og fleire andre fitjarbuar`me har snakka med, har òg berre gode ord å seie, både om speidarane, og leiren.

Så har dei òg rydda utruleg godt opp etter seg, og verkeleg opplevd det underteikna sjølv vart innnprenta då eg var ung speidar. -Når du forlet ein leirplass skal du leggja igjen ein takk, og elles ingenting.

Leiren viste elles at "Moahagen" eigna seg ypparleg som leirbålplass, naturleg amfi som det er der. Med litt tilrettelegging, ser me ikkje bort ifrå at det kan bli plass til 3000 menneske her. Det er såleis ingen grunn til at ikkje diskusjonen om kvar Håkonarspelet, utekonsertar og andre store utandørsarrangement skal vere i framtida, vert teken opp att. "Moahagen" har i alle fall eit fantastisk potensial i så måte.