Stadig fleire fitjarbuar kjøper seg veteranbilar. Dermed aukar òg medlemstalet i Fitjar Veteranbil Klubb.

Leiar i klubben Erlend Helland fortel til fitjarposten.no at dei no er rundt 45 medlemer. Klubben har òg si eiga nettside, og du finn dei på Facebook.

På nettsida deira kan du finne bilde og info om klubbmedlemer og bilane deira! Det vil bli annonsert på nettsida og Facebook-sida om arrangement som klubben stiller på.