Fred Ove Reksten og Finn Olsen. Pressebilete

Fredag er det duka for Jakob Sande-kveld i kultursalen.

– Fred Ove Reksten har holdt mangfaldige Jakob Sande-kveldar til stor jubel og ståande applaus. No gler me oss til han kjem til Fitjar, og håpar på nok ein jubelfull kveld, melder Ole Bergesen.

Konserten på fredag inneheld 20 tekstar av Jakob Sande til melodiar av Fred Ove Reksten. Til dømes er »Salme» av Jakob Sande blitt ein gjengangar i NRK dei siste 20 åra, med Reksten sin melodi.

Fred Ove Reksten er elles mest kjend for klassikaren «Jenta frå Bergen» og utallige andre Bergensviser. Medmusikant er Finn Olsen (Rythmic Six).

– Konserten startar 19.00, og billettar får du på nett eller i døra, melder Bergsen.