Fv 545 frå Fitjar bedehus opp mot «Geilo» vil periodevis vera stengt på grunn av utbetring av vegen,

Prosjektleiar Roberto Balzer seier til Sunnhordland at vegen vil vera totalt stengt frå måndag klokka 09.00 til torsdag klokka 15.00, og at dette vil gjelda ut mai. Det vert gjeve dispensasjon for ambulanse og redningsbil ved utrykking. Andre må nytta omkøyringsvegar. Personbilar kan køyra om Helland eller via Sjøsbrekko og «Geilo» medan tungtransporten må velja E39.

Frå fredag til søndag er vegen open på vanleg vis.

Når det gjeld bussane vi ifølgje Skyss alle avgangar til og frå Fitjar bli køyrt over Helland. Dette gjeld òg fredagar. (NB!) Laurdagar og søndagar vert det vanleg ruteopplegg for bussane òg.