I samband med flytting av eit hus frå bensinstasjonsområdet til Steinabrekko i Fitjarstølane, vert Steinabrekko stengt frå klokka 11.00 i morgon, torsdag 7. oktober.

Vegen vil vera stengt til flyttinga av huset er ferdig. Omkøyring vil vera mogeleg via Stølen – Søre Stølen i det den store steinen som stengjer vegen frå Stølen til Søre Stølen vil bli fjerna i denne perioden.