Fitjar kommune har budsjettert med 400 000 kroner til veglys. No går det mot mørkare kveldar, men lysa er enno ikkje kome opp. Det uroar ein av våre lesarar som spesielt har skuleborna i tankane.

– Det er flott å lese om utsmykking i sentrum, men sikkerheit bør vel prioriterast først? spør lesaren og etterlyser spesielt veglys mellom Hovstad og Helland.

Fitjarposten brakte spørsmålet vidare til ordførar Wenche Tislevoll. Ho fortel at veglysa kjem. Når ein ikkje er kome i gang med arbeidet enno, heng det saman med at ein har søkt og ventar på midlar frå Statens Vegvesen.

– Når det gjeld Hellandsvegen, har kommunen sett av 200 000 på budsjettet. Me har von om at Statens Vegvesen i Hordaland vil å gå inn med ein like stor sum, samt å ta seg av drifta av dette, men me har enno ikkje fått endeleg svar, seier Tislevoll. -Men kommunen er stadig i kontakt med Vegvesenet om saka – og vil uansett prøve å få iverksett dette så snart som mogeleg.

Dalen og Sælevik
– Det vil òg koma lys på vegen Reino – Dalen mot Tongane, og like eins i Sælevik, legg ordføraren til. Her går Fitjar kommune inn med 100 000 kroner på kvar plass, og det er von om at Vegvesenet vil plussa på midlane her òg.

Når det gjeld sentrum, som fitjarposten.no skreiv om nyleg, kan det vere verdt å leggje til at ein har fjerna tre store tre ved Håkonar Terrasse og at det vil kome nytt smijernsrekkverk på Tinghusplassen mot Varehuset Larsen. Trappa opp mot Rådhuset skal sjølvsagt òg gjerast ferdig. Her vil det òg kome eit rekkverk midt på.