Folk frå Statens vegvesen og Vegkontoret i Hordaland fylke hadde i går synfaring på fylkesvegane  på Fitjar.

Det er 32 km med fylkesveg i Fitjar kommune og ordførar Harald Rydland hadde delegasjonen med seg i ein minibuss både på Osternes, på vestsida av Storavatnet, Svartasmoget og Dåfjorden. Etterpå samla dei seg på kommunehuset til ein samtale om det dei hadde sett. Her var òg E 39 og Fv 545 tema.

– Når det gjeld E39 er det løyvt 160 millionar kroner. Om ikkje lenge vil ein ta til igjen med arbeidet frå Jektevik til området bortimot Langenuen motell & camping. Her har ein kalkulert med å bruka rundt 40 millionar. Om denne kalkylen held, vil ein ha 120 millionar igjen til strekninga frå Engevik til Sandvikvåg, seier Rydland, og fortset:

– Her er det mange utfordringar sidan det er hus på begge sider av vegen. Men det er snakk om å få til gang- og sykkelsti, trafikksikre overgangar og å få gjort noko med svingane nær Sandvikvåg.

Fitjarordføraren kan såleis gle seg over at det pådrivande arbeidet ein har drive frå Fitjar kommune si side for å få gjort noko med denne vegen, no ser ut til å vinna fram.

Fv 545

Når det gjeld tidlegare Rv 545, som no er blitt fylkesveg Fv 545, ligg den ikkje inne med midlar i fylkesprogrammet. Kommunane Fitjar og Stord har søkt om å få forlengja bompengeinnkrevinga på ferja Sandvikvåg-Halhjem til utover 2012.

Fram til 2012 går desse pengane til E39.

– Får me midlar på denne måten vonar me mellom anna å få gjort noko med vegen frå Vik til Fitjar sentrum, svingane sør for Rydlandssaga og brua like før Sagvåg sentrum.  Argumentasjonen for å få medhald i dette frå høgare hald er at om lag 15 prosent av ferjetrafikken går på vestsida av Stordøya og at ei slik oppgradering vil gjera den einaste alternative omkøyringsvegen, om noko skulle skje på E39, sikrare. Søknaden om dette er til behandling hos vegvesenet og vil  gå via Fylkestinget til Stortinget. Det er å vona at han vert behandla av Stortinget seinast i vårsesjonen neste år.

Dei mindre vegane

– Når det gjeld dei mindre fylkesvegane er dei lågare prioritert, men det finst vedlikehaldsmidlar som kan nyttast til å få gjort noko. Mellom anna såg ein på område med dårleg sikt og dårleg vegkant på Hellandsvegen. Dårleg skilting vart og teke opp som ei sak ein bør få løyst med det første.  Elles vil vegvesenet setja opp ein radar som for ein periode skal registrera fartsnivået i området Sentrum –Skålevik. Det skal vera mykje køyring over fartsgrensa her, seier ordførar Harald Rydland til slutt.