Bakken Dagtilbod gjekk for ei stund sidan ut med melding om at dei hadde svært rimeleg ved til sals. Etter det har vedsekkene fått fart på seg.

 -Me har lagerhus like ved Rubbhallen ved Idrettsparken. Det begynte å bli lite med lagerplass, og me måtte få selt ut, seier Elin Sørfonn og Bjørg Nesbø ved Bakken Dagtilbod.

Etter å ha gått ut i Fitjarposten med ei annonse som fortalde at dei hadde sal på tørr og god blandingsved i 40-literssekker til 20 kr per sekk om ein henta sjølv, eller 25 kr for fritt tilkøyrt, har salet vore upåklageleg. Rundt 600 sekker er selt – og no ser det betre ut i lagerhuset.

-Om nokon ikkje har fått med seg tilbodet, har me likevel sekker med tørr ved att, seier Sørfonn og Nesbø.

Ta i tilfelle kontakt på  mobil: 971 85 577.