Fitjar Idrettslag blei representert med ni lag under Bendit Cup som Solid skipa på kunstgrasbanen i Hustredalen i helga.

Solid arrangerte i helga Bendit cup for årsklassane 1999-2004. Det er 5. gongen Solid arrangerer denne turneringa, og i år var det rekordpåmelding og heile 1700 fotballspelarar i akjson. Fitjar hadde 9 lag med. 

Laurdag spelte jentene og gutane i 1. klasse si aller første fotballturnering. Dei har talt ned på dagar i lang tid og brydde seg lite om det litt gufne veret som var på laurdagen. Ein av gutane var høgt oppe etter 3 sigrar og kom med gullkornet: «Me va so goe me at da va ingen her som klarte å slå oss!» I tillegg spelte gutar 2003, jenter 2003 og gutar 2002 på laurdagen. Trass i ein god del regn mot slutten av dagen var det ingenting å seia på fotballgleda og innsatsen til dei små fotballspelarane frå Fitjar, og det var stor stas å komma på premieutdeling og motta ein flott hettegenser frå 2 dansande bananer. Søndag var det bedre ver, og 3 nye Fitjar-lag var i elden: 2 lag frå jenter 2001 og 1 lag guter 2001.   

Bendit cup er ein flott og velorganisert cup – all ære til arrangørklubben Solid. Me gler oss allereie til neste år.